Willy Pedersen, Sosiologiprofessoren seier at russefeiringa vi ser i media, er feiringa på Oslo vest.

Klassekampen 20. mai
Forfatter: Guri Kulås

– Har russefeiringa vorte verre med åra?

– Den overordna forteljinga om russefeiringa er at det er langt fleire som blir russ enn for 40–50 år sidan, då gymnaset var eit elitefenomen, samstundes som det har vorte større skilje mellom klassar og regionar: Å vera russ på Vinstra og i Stokmarknes er noko anna enn å vera russ i Bergen sør og på Oslo vest.

– Du hevdar at den utagerande festinga er eit urbant rikmannsfenomen?

– Den store, strukturelle endringa er dei dyre russebussane. Om ein ser foto frå kong Haralds russetid, ser ein nokre gamle lastebilar rulla opp Karl Johan. Dagens bussar er «Party on Wheels», ein flyttbar fristad, avstengt frå sosialt innsyn, normer og kontroll frå foreldre, politi, nattklubbvakter og så vidare. Bussen er ein intens festarena, og ungdommane byggjer vidare på drikkemønster og rusaksept dei har fått heimanfrå. Bussane er rangerte på skolane, og det gjev høg status å bli sosialisert inn i dei mest populære bussane, der det blir drukke enormt og alle slags normer blir tøygde.

– Om vi aksepterer russetida, må vi då òg godta kostnadane for våre eigne barn – eksamensstryk, risiko for liv og helse?

– Russetida råkar ein nerve. Ho peikar på alkoholen si rolle i samfunnet generelt. Dei mest uroa foreldra er gjerne også frå Oslo vest. Det er lettare å vera uroa for barna enn å spørja om vi som vaksne ser oss sjølve spegla i russen.