Kjærleik er større motivasjon enn tilfeldig sex på Tinder, ifølgje studie.

«Kynisk» datingapp erobrar Noreg, melde statskanalens nettavis for eit par år sidan. Tinder har skulda for at fleire får kjønnsjukdommar, fortalde Avisa Nordlandsame år.

Appen, som over 500.000 trykkjer til sitt hjarte, eller snarare trykkjer tommelen til, har blitt kritisert for alt mogleg. Ikkje berre utfordrar den personvernet, men den bidreg til eit overflatisk samfunn, med fleire one night stands og meir utroskap, vert det hevda.

Upåverka av kritikken sveipar hundretusenvis av nordmenn vidare. Det same gjer over 1 milliard andre i verda. Appen er difor sjølvsagt interessant også for forskarar og studentar. Og éin av studiane utfordrar myten om at det er tilfeldig sex som er det viktigaste målet for brukarane.