Home Sosiologi Artikler sosiologi Du er meir protestantisk enn du trur

Du er meir protestantisk enn du trur

Noreg og andre tidlegare protestantiske statskyrkjeland er blant dei rikaste og best fungerande statane i verda. Tilfeldig? Neppe.

Hans oppgjer med den katolske kyrkja pregar framleis den religiøse, kulturelle, sosiale og politiske utviklinga i Noreg og resten av den protestantiske verda.

Protestantisk puritanisme var ein viktig føresetnad for framveksten av moderne kapitalisme. Dette er den mest vidgjetne tesen til Max Weber, tyskaren som vert rekna som grunnleggjaren av moderne sosiologi.

Med gudsfrykt, flid og sparsemd skulle verksemder byggjast og kapital akkumulerast, ifølgje puritansk ideologi. Utan plass til iaugefallande privat forbruk, gull, glitter og bling.