Eg måtte berre få med meg det siste bryllaupet, den siste Tomatfestivalen og ein siste episode av Nytt på Nytt. Så kunne eg endeleg få avslutte det livet eg ikkje klarte å leve.

et var fullstendig kaos då eg vakna av at telefonen ringte. Foreldra mine hadde ringt og ringt, endeleg hadde eg vakna av lyden. Var eg i live? Eg rakk ikkje tenkje over kva som hadde gått galt, eg måtte berre komme meg ut av rommet. Eg pakka med meg det meste eg hadde tatt med til hotellet. Eg heiv instruksjonslista som eg hadde lagt fram til politiet når dei kom. Dei trengte ikkje lenger ringe onkel for å informere om at eg var død, eg var diverre høgst levande.